Skip to content

Eg er Anne Gunn Halvorsen (42), ein frilansjournalist og forfattar som bur i Oslo.

Eg kjem frå Vikedal i Ryfylke og har arbeidd som journalist i Oslo sidan eg var 18 år gammal, blant anna i Dagbladet, Dagens Næringsliv og Skavlan.

Eg debuterte som forfattar i 2017, og har sidan den gong gitt ut sytten bøker. Eg skriv både skjønnlitteratur og sakprosa.

No for tida skriv eg ei personleg historie om korleis eg og internett har forma kvarandre dei siste tre tiåra. Den første boka heiter Mitt internett. Då www kom til Noreg og fekk terningkast fem av Stavanger Aftenblad. I 2027 kjem ei bok om historia til norske, sosiale media og mi reise frå kul til ukul kulturjournalist.

Eg har tidlegare skrive sakprosa om stress, frykt og ikkje minst boka Livet og korleis leve det. Alle desse held eg jamleg foredrag om. Det kan du lese meir om her. 

I tillegg skriv eg barne- og ungdomsbøker saman med forfattar Randi Fuglehaug. Akkurat no held me på med serien Starlet som passar for barn fra 9 år og oppover. Starlet blei nominert til Bokslukarprisen 2027. Me står også bak ungdomsserien Halve kongeriket som tel åtte bøker og to Netflix-filmar.  Me har også skrive tre bøker om Barnehagen for magiske enhjørninger som er perfekt for barnehageborn. Serien er illustrert av Jenny Synnøve Naustan, og på Fabel finn ein også åtte lydbøker om denne fargerike gjengen.

Elles leverer eg portrett, faste spalter og research – i tillegg til å ta oppdrag som debattleiar, innhaldsredaktør og manuskonsulent.

Du når meg på +47 95 96 83 29 og annegunn(krøllalfa)halvorsentekst.no

Du kan også booke meg til bokbad og liknande gjennom Forfattarsentrum.