Skip to content

I vår sjette bok er det Fanny som er hovudperson. Fanny er bestevenninna til prinsesse Margrethe, og mange hugsar henne kanskje frå bok nummer to?

Ho er den einaste skeive i gjengen, og i denne boka har ho fått sin fyrste jentekjæraste. Det synes vennene er tipp topp, faren hennar er også veldig ok med at ho har stått fram som skeiv. Berre Fanny synes det er vanskeleg, og er ganske redd og engsteleg når ho viser seg i hovudstadens gater med sin nye kjærast. Kva skal ein gjere når ein er redd heile tida, og korleis kan ein bli tryggare? Og må ein vifte med regnbogeflagget og gå i Pride-paraden berre fordi ein liker nokon av det same kjønn?

Me gler oss veldig til boka kjem ut i juni, og du kan allereie forhåndsbestille den her.