«Andre bok i «Halve kongeriket»-serien er som en hjemme-alene-fest, som foregår helt på ungdommens premisser.»
Dette skreiv anmelder Nora Steenberg på nettstaden Bok365 då ho ga terningkast fem til Drømmeprinsen. Her kan du lese heile bokmeldinga.
I kvar bok av Halve kongeriket byttar me hovudperson, og i Drømmeprinsen er det frå Margrethe sitt perspektiv me får sjå handlinga.
Prinsessa framstår som ganske kjip i Arvingen, og me har høyrt at mange hatar henne når dei begynner å lese denne boka. Men, når ein blir kjent med folk så er det også lettare å like dei. På slutten av Drømmeprinsen veit me at dei fleste lesarane våre heier skikkeleg på den unge prinsessa.
Drømmeprinsen handlar om å finne sin første kjærast, ta nokre dumme val og stå på eigne bein.
Boka er blitt filmatisert, og kjem på Netflix våren 2023. Det er Ingvild Søderlind som har regi, og filmen kjem til å heite Royalteen 2: Prinsesse Margrethe.
Drømmeprinsen fins i både pocket og vanleg bok, og er også tilgjengeleg på lydbok (via f.eks Fabel).