Skip to content

Tenk å kunne vere akkurat der det skjer, få snakke med folk (utan å måtte fortelje om seg sjølv tilbake!) og bestemme kva folk skal tenke på!

Eg har alltid hatt lyst til å bli journalist, og etter å  testa yrket  i over 16 år synes eg framleis det er litt av ein draumejobb.

Eg studerte journalistikk på Oslo Met etter vidaregåande, og etter det har eg arbeidd for Dagbladet, Dagens Næringsliv og Skavlan. I 2016 vart eg frilansar og gradvis har eg begynt å  arbeide meir og meir med bøker.

Av oppdrag er eg open for spalter, portrett og research. Det eg elsker aller mest er å få boltre meg på blanke flater og kunne skrive om akkurat det eg vil. Då blir det gjerne eit lite essay  om Funkygine eller nokre refleksjonar kring affirmasjonar.

Ute på oppdrag for Dagbladet Magasinet. Det ser ikkje slik ut, men eg trur faktisk denne saken handla om Facebook.