Skip to content

I 2020 ga eg og Randi Fuglehaug ut romana Arvingen.

Det er ei ungdomsbok som handlar om Lena (17) som flytter frå Horten til Oslo. Her kjem ho i klassen til landets mest kjente tvillingpar: Kronprins Karl Johan (Kalle) og syster hans, prinsesse Margrethe. Lena og Kalle finn tonen, men det kan ikkje bli dei to. Lena har nemleg ein løyndom som ingen må få vite om…!

Boka fekk terningkast 5 i både Dagbladet og VG, og fekk rosande omtale i NRK. Den vart også kåra til årets beste ungdomsbok av niandeklassingar over heile landet og vann Uprisen i 2021.

I 2022 vart boka flmatisert av Netflix, og filmen Royalteen 1: Arvingen vart tilgjengelig i 190 land. På eit tidspunkt var filmen inne på topp 10-listene i 73 land…!

Boka er så langt oversett til 13 språk.

Det beste med alt dette er at me har fått lov å lage fleire bøker om Lena og Kalle, og no har me bestemt at det  skal bli åtte bøker. Bok nr seks og sju kjem i 2023.

Er du skuleelev og skal skrive oppgåve om desse bøkene? Så utruleg kult! Kanskje du finn svar på nokre av spørsmåla dine her? Elles er du hjartleg velkommen til å ta kontakt.

Arvingen fins i bokhandel og på bibliotek, og er også tilgjengeleg som lydbok på bl.a Fabel.

Hos forlaget kan du lese meir om desse bøkene.

Foto: Agnete Brun/Aschehoug