Skip to content

Som forfattar kan du skrive faktabøker eller dikte historiar sjølv.

Eller kan du vere spøkelse!

Å vere ghost writer betyr å vere ein som hjelper ein annan med å skrive bøker. Dersom ein kokk vil fortelje si historie er det greit at den blir fortalt av han sjølv, men tenk om han ikkje har tid til å skrive. Eller vil! Eller kan! Då kan han få hjelp av ein profesjonell forfattar.

Denne boka har eg skrive i samarbeid med Vendela Kirsebom. Eg var hennar spøkelse. Det var litt av ein draumejobb for ein journalist. Eg fekk svar på alt eg lurte  på og hadde god plass til å ta med alt. Me var på garden til mor hennar i Sverige og besøkte hennar gamle hot spots i New York. Men stort sett satt me på kjøkkenet til Vendela på Frogner og prata oss gjennom livet hennar.

Det vart ei bok om kjærleik og karriere, om uventa tvistar og sjuke festar, om kvinnesyn og klassereise.

Vendela Kirsebom vaks opp med  ei aleinemor i utkanten av Stockholm og endte opp med fiffen i LA, USA. I denne boka skriv me om alt som skjedde på vegen, og eg lover deg: Her er det både sjokkerande og rørande innhald.

Vendela introduserer meg for svensk kebab <3