Eg held foredrag om bøkene mine for både bibliotek, skular, arbeidsplassar og litteraturfestivalar.
Stress
Foredraget mitt om stress baserer seg på boka mi Stress og korleis leve med det. Det tar rundt 45 minuttar og passar for alle som vil høyre meir om kva som skjer i kroppen og kva ein kan gjere for å leve meir bærekraftig. Dette har eg hatt for både fagforeiningar og bibliotek.
Internett
Underhaldande teknologihistorie som alle over 30 kjenner seg att i er tema for foredraget om Mitt internett. Her kastar eg lys over kva som gjorde dei store datamaskinane så populære og det er både nostalgi og tankevekkande fakta som er innhaldet. Dette har eg hatt for mange bibliotek.
Barn og ungdom
Eg og Randi Fuglehaug har også halde over 400 foredrag for elevar. Då er det anten vidaregåande og ungdomstrinnet som får høyre om «Halve kongeriket» eller det er mellomtrinnet som får høyre om Starlet. Dette gjer me i regi av Den kulturelle skulesekken, men det er også mogleg å booke oss utanom.
Eg har også halde foredrag om frykt for både barneskule- og ungdomsskuleelevar.
…og for dei aller minste
Me har også eit opplegg for Barnehagen for magiske enhjørninger som passar for barnehagar og familiar med små born.
Dette er ein veldig kjekk del av arbeidskvardagen og vil du vite meir eller booke meg/oss er det berre å ta kontakt.

Feedback
Her er eit knippe tilbakemeldingar frå ein foredragsturne eg var på med boka Stress og korleis leve med det:
“Ett berikande, fängslande evenemang. Anne Gunn är en duktig förmedlare med förmåga att engagera publik.”
Sebastian Jazdzewski, programansvarlig Sandnes bibliotek
“Me var glade for at de kom så mange i alle aldersgrupper. Det var folk i frå 20 til over 70. Me stresser alle saman og foredraget ditt fekk oss til å senke skuldrane litt.”
Tonje Salte Thorsen, nestleiar og bibliotekar, Karmøy folkebibliotek
“Anne Gunn Halvorsen har et viktig budskap som hun formidler lettfattelig, engasjert og med glimt i øyet. Anbefales!”
Irene Gressli Haugen, Avdelingsleder, Norsk Forfattersentrum Sørlandet
Lene Myrvold Velle, bibliotekar, Øvre Eiker kommune
“Anne Gunn Halvorsen vitja nyleg Loddefjord Bibliotek, og gav oss eit underhaldande og aktuelt foredrag om si siste bok !”Stress – og korleis leve med det.” Ho hadde god kontakt med publikum, og veksla fint mellom fakta og humor. Vi fekk gode tilbakemeldingar frå publikum, og særleg kjekt var det at det kom mange i aldersgruppa 30-45 som vi ellers ikkje ser så ofte på arrangement hjå oss.
Kristi Guldberg, Loddefjord Bibliotek
´ 

