Skip to content

Audiens er den fjerde og kanskje vanskelegaste boka me har skrive i serien. Eg trur det skuldast at dette er den fyrste boka i serien kor me har ein mannleg hovudperson. Dette  er nemleg boka til kronprins Karl Johan (Kalle), han har kjærleikssorg og heile gjengen har dratt til Lofoten for å feriere og drive eit slags hemmeleg redningsprosjekt.

Eg og Randi skriv ofte om ting me ikkje har peiling på personleg (..som å vere kongeleg, influencer eller rik) , men i dei andre bøkene har me heile tida kunne bruke erfaringane våre som unge tenåringsjenter.

Kjenslene er jo dei same, uansett kor ein veks opp.

I boka til Kalle kunne me ikkje gjere dette. Me har jo aldri vore tenåringsgutar med kjærleikssorg.  Men, i denne som i alle dei andre bøkene har me hatt god bruk av konsulentar.

Konsulentane er unge mennesker som har erfaring med akkurat det som me skriv om, anten det er å drive som influencer eller gå på kongeleg skule.

I denne boka fekk me heldigvis god hjelp frå unge gutar som las gjennom og fiksa slik at det blei bra og truverdig til slutt.

Boka handlar om toxic maskulinitet, sjekketips på internett (hei hei Andrew Tate og Jordan Peterson!) – og midnattssol og surfing. Eg og Randi dro også opp til Unstad i Lofoten for å gjere research medan me skreiv denne boka.

Audiens kom ut våren 2022, og var ei av dei bøkene som fekk hederleg omtale av juryen til Uprisen. Les kva dei skreiv om boka her.

Eg og Randi på research-tur til Unstad for å sjå kor Kalle og Lena skulle bu.